Søndag 26. juni opnar Bakketunet opnar sin 13. sommarsesong med utstillinga Arven.

Den italienske fotografen Luca Berti er kjent for å ha ei historisk og kunstnerisk dokumenterande tilnærming til motiva sine. Med sykkelen som framkomstmiddel reiste han sommaren 2021 gjennom Sunnmøre for å fange stemningar i landskapet, den tradisjonelle arkitekturen og menneska han møtte på sin veg. Prosjektet går i sporet til den klassiske fotodokumentariske stilen som vi ser i byrjinga av det 20. århundre, der den estetiske realismen ligg i botn, samstundes som historiene blir fortalt og bevart. Slik går han i spora til andre fotografar som har dokumentert Sunnmøre og Hjørundfjorden.
Målet er at dokumentere notidas Sunnmøre og finne fram til dei særeigne trekka, som kjenneteiknar regionen. For å få den djupna og autensitet frå notidas historiske spor, brukar Luca Berti eit analogt storformatkamera som brukar svart/kvitt plater til å fange stemningar. Bileta har søker mot fortida sitt landskap før den industrielle karakter og tida før massekulturen.
Reisa vil vere ei undersøking på kva regional identitet er i vår tidsalder. Ved å leite etter fortidas trekk i notida, som krever eit spesielt blikk, kan vi lære mykje om kvar vi kjem i frå, meiner Luca Berti.
Med utstillinga “Arven” ønskjer kunstnaren å gi stoff til ettertanke om Sunnmøres kulturhistorie og notidas relevans i dag.
Utstillinga er integrert i tunet sitt utandørs miljø.