
Bent Erik Myrvoll sine Stucco lustro-maleri er laga med fargepigmenter frå norsk natur. Fargepigmenta er med det kortreiste og berekraftige. Bent Erik har vandra i fjellheimen, samla inn jordsmonn og mineral, og bearbeidd desse til glødande fargepigment. Pigmenta blir til maleri der ein tusen år gamal teknikk som fresko og stucco lustro blir brukt. Maleria er evigvarande! Teknikkane er kjent frå antikken, og som vi kjenner frå utgravingar i Pompeii.Utstillinga i kufjøset er ein serie taktile stucco lustro-malerier, som er lagt stein på stein, og som viser nyansar i landskapet med norske kraftfulle pigment.



