
Raumagarn er vår samarbeidspartnar på garn.

Då vi starta opp selskapet Hjørundfjordstrikk AS var vi opptekne av å finne ein lokal samarbeidspartnar som deler vår lidenskap for norsk ull og for norske tradisjonar.
Alt garn som blir levert frå Raumagarn er produsert på Rauma Ullvarefabrikk AS som ligg ved elvemunningen av Rauma elv på Veblungsnes. Den gamle fabrikken vart bomba sønder og saman under 2. verdskrig, men vart gjenreist og seinare på 70-talet vart eit nytt, moderne produksjonsanlegg bygd.
NORSK ULL
Ulla til Raumagarn blir spunne som kardegarn, som blir fantastisk lett og luftig. Plagga får den perfekte balansen mellom funksjonalitet og komfort, dei vert lette, varme og slitesterke.
Norsk ull er blant verdas mest miljøvenlege tekstilfibrar. Produksjon av norsk ull overgår vanleg berekraftstenking når det gjeld å minimere miljøbelastninga gjennom heile livsløpet til produktet.
Ved å tilby garn i 100 % norsk ull frå Raumagarn, tek vi eit klart standpunkt mot alle dei billege produkta som fløymer over den norske marknaden. Vi har tru på kvalitet framfor kvantitet.
Fordelar med produkt laga av 100 % ull
- varmar og isolerer
- pustar og blir ikkje klamme
- er slitesterke
- kan brukast heile året
- absorberer og transporterer fuktigheit og sveitte frå kroppen
- inneheld lanolin (ullfett) som bryt ned bakteriar
- er elastisk og krøllar lite
- er tungt antennelege og brenn dårleg
Vi var på "studietur" til Rauma Garn.
Nedanfor får dei eit lite innblikk i den dagen.