Stein for stein

Utstillingsdato: 11.07.2021

Vi tek fatt på 12. året med drift av Bakketunet. Sunnmøres eldste og mest komplette gardstun, lokalisert inst i vakre Hjørundfjorden.
Gardstunet som vitnar om korleis fiskarbonden levde. Trakk mellom hus og fjøs, fjord og fjell. Likevel. Historien om fiskerbonden er ikkje avslutta, for vi bur her enno. I år vil vi gjere synleg og skrive eit nytt kapittel om busetnad ved fjorden. Impulsen til tematikken er naturleg. 17. mars 2020 begynte det nyaste huset på garden å brenne. Huset bygd i 1982 blei totalskadd. Vi valgte å bygge nytt funkishus. Kontrasten mellom nytt og gamalt står derfor sentralt i år. Årets tematikk tek opp spørsmål rundt hus og heim. Tilhøyrsle. Fråflytting. Bygd og by. Røter. Heimkome. Om det å bygge stein på stein.
Nok ein sommar fyller vi dei freda bygningane med kunst og handverk som gir nye impulsar og inntrykk, og som løftar ein tematikk.
Overskrifta er Stein på stein. I utstillingsprogrammet står Gunn Vottestad, Hilde Rosenberg Barmani, Bent Erik Myrvoll, Simon Wågsholm, Astrid Runde Saxegaard og Håvar Emdal.

Opningstider

I 2021 opnar sesongen søndag 11. juli

Inngang

Billettar kan kjøpast på førehand på Tikkio