GRUPPEBESØK

Produsent

click show
  • Loading

Velkomen til Bakketunet 2024

 

Bakketunet inneheld seks ærverdige bygningar der tømmeret i dei eldste husa er datert attende til 1549. Dette er difor det eldste heilskapelege gardstunet på Sunnmøre med den eldste grindløda i landet. Tunet har status som eit nasjonalt kulturminne.

 

Med dei historiske bygningane kan ein kjenne seg sett attende til middelalderen, der stova, løda, stabburet, kufjøsen, smalefjøsen og stallen hadde sine ulike funksjonar i eit fullkome gardstun. I over 400 år har desse bygningane husa menneske og buskap i samspel - for livet og komande slekter.

 

Med eit rikt kulturprogram og ei interessant kulturhistorie, er Bakketunet på Bjørke eit populært reisemål, som sidan opninga i 2010 har hatt besøk av fleire tusen menneske frå fjern og nær.

 

Kunst - strikk - byggeskikk!

 

I denne overskrifta ligg det at gjestane får oppleve både kunst, strikk og byggeskikk. Det er det vi er! Kvart år presenterer vi aktuell samtidskunst med anerkjende kunstnarar.

 

I tunet har eigen strikkebutikk med produkt frå Hjørundfjordstrikk. Her kan gjestar kjøpe med seg både ferdigstrikk og garnpakkar der dei strikkar sjølve. Mange av designa er omsett til engelsk. Strikkebutikken er open frå slutten av mai.

 

Byggeskikk er sjølve ramma for besøket i tunet. I omvisingar blir historia om den immaterielle og materielle kulturarven fortalt.

 

Tunet har ope for individuelt besøkande kvar søndag kl. 12-17. Tunet opnar sesongen 30. juni med Inger K. Giskeødegård som hovudutstillar. Salsutstillinga varer til 1. september.

Indiefjord finn stad helga 13.-14. juli.

 

Vi tek imot grupper heile året. Sjå tilbod som ligg i undermenyen. 

Vare ikke funnet

Filter

Vis resultater
chat

Chat med oss

x