NA

OM TUNET

Produsent

click show
  • Loading

Bakketunet 2023

Inst i Hjørundfjorden i kulturbygda Bjørke, ligg det freda Bakketunet med sine seks ærverdige bygningar der tømmeret i dei eldste husa er datert attende til 1549. Dette er difor det eldste heilskapelege gardstunet på Sunnmøre med, etter seiande, den eldste grindløda i landet.

Med dei historiske bygningane kan ein kjenne seg sett attende til middelalderen der stova, løda, stabburet, kufjøsen, smalefjøsen og stall hadde sine ulike funksjonar i eit fullverdig gardstun. I over 400 år har desse bygningane husa menneske og buskap i samspel for livet og komande slekter. Etter over 20 år med restaureringsarbeid opna eigarane tunet for besøkande sommaren 2010. Med eit rikt kulturprogram og ei interessant kulturhistorie, har Bakketunet på Bjørke blitt eit populært reisemål, som sidan opninga har hatt besøk av fleire tusen menneske frå fjern og nær.

Verdiar

Bakketunet på Bjørke skal ta vare på røtene sine frå bondekulturen, verne om vår felles kulturarv og vere aktuelle og nytenkande i innhald. Bakketunet sitt mål er å gi grupper og individuelt besøkande gode opplevingar knytt til kunst, kultur og natur.

I sommarhalvåret skal Bakketunet vere eit aktivt og levande kunst- og kultursentrum i Hjørundfjorden med vekt på å formidling av gamal byggeskikk, norsk kulturarv og tradisjonar, kunsthandverk og samtidskunst som held høg kvalitet.

Vi ønskjer å vere gode ambassadørar for Hjørundfjorden og Volda kommune innan reiselivssamanheng. Å bruke lokale ressursar i form av arbeidskraft og lokal mat er sjølvsagt. Menyen skal vere mest mogleg ureist, med bær og frukt frå eigen hage og råvarer frå lokale bønder. Vi ønskjer å stå fram som eit godt førebilete for andre som ønskjer å skape noko i små bygder.

Utstillingar

I tunet kan dei besøkande oppleve kunstutstillingar integrert i tunet sitt miljø. Alle bygningane i Bakketunet er restaurerte, og dei kan stå i nye 500 år, om vi berre passar på. Utstillingane speglar samtida og skaper eit levande tun som kvart år gir nye blikk på samtida og trekker trådar mot fortida. 

Hjørundfjordstrikk

I kammerset har vi eigen strikkebutikk med Hjørundfjordstrikk sine design. Vi har einaste fysiske utsalsstad for Hjørundfjordgenseren. 

Servering

I kaféen er det sal av tradisjonell kaffimat. I år satsar vi på sal av pizza på dagar med fint veir.

 

Opningstider

Ope kvar søndag kl. 12-17

 

Elles etter avtale. 

 

Inngang

Vaksne kr. 100,-

Sesongkort kr. 300,-

Born opp til 15 år går gratis.

 

Billettar kan kjøpast ved inngangen eller på førehand i nettbutikken. Utan om opningstida er det fint om du gjer ei avtale om besøk. 

Grupper

Vi tek imot grupper for omvising og servering heile året. Kontakt oss for høgttenking og skreddarsaum.

E-post: post@bakketunet.com 
Telefon: 911 08 846
Sosiale medierInstagram  facebook

Produsent:
Sorter på:

1 av 1 produkter

Filter

Vis resultater
chat

Chat med oss

x