Sesongopning søndag 26. juni
Søndag 26. juni opnar Bakketunet opnar 13. sommarsesong med utstillinga Arven, som er ei gruppeutstilling med fleire utstillarar.
Luca Berti på veg til Tyssedalen på Bjørke hausten 2021. FOTO: Tind Media
Sommaren i Bakketunet byr på både kunst- og handverkutstillingar, gardsbutikk og strikkebutikk med Hjørundfjordstrikk, og sjølvsagt ein god dose unik byggeskikk. Denne sommaren blir det også ei utandørs utstilling integrert i tunet sitt miljø.
Det er den italienske fotografen Luca Berti, som er kjent for å ha ei historisk og kunstnerisk dokumenterande tilnærming til motiva sine, som viser fotografia sine utandørs i Bakketunet. Med sykkelen som framkomstmiddel reiste han sommaren 2021 gjennom Sunnmøre for å fange stemningar i landskapet, den tradisjonelle arkitekturen og menneska han møtte på sin veg. Prosjektet går i sporet til den klassiske fotodokumentariske stilen, som vi ser i byrjinga av det 20. århundret, der den estetiske realismen ligg i botn, samstundes som historiene blir fortalt og bevart. Slik går han i spora til andre fotografar som har dokumentert Sunnmøre og Hjørundfjorden på slutten av 1800-talet.
For å få denne djupna og autensiteten frå notidas historiske spor, brukar Luca Berti eit analogt storformatkamera som brukar svart/kvitt-plater til å fange stemningar.
Reisa vil vere ei undersøking på kva regional identitet er i vår tidsalder. Ved å leite etter fortidas trekk i notida, som krev eit spesielt blikk, kan vi lære mykje om kvar vi kjem frå, meiner Luca Berti.
I dei andre bygningane stiller blant anna Frederik Viddal ut sine maleri frå tida då han budde på Sunnmøre og studerte ved Ålesund Kunstfagskole.
Silvia Klatt frå Tyskland er utdanna ved kunstakademiet i Firenze. I denne utstillinga viser ho ulike maleri inspirert av eventyr og folkeforteljingar med trolske landskap og figurar.
Vertinne og drivar av Bakketunet, Marita Bett Aakre, stiller ut ein ny serie med akrylmaleri i kufjøset. Maleriserien har fått tittelen Flokar og er inspirert av både indre og ytre landskap og livet med Hjørundfjordstrikk.
Keramikar Ingeborg Lejon Rørvik stiller ut keramikk i ulike formar og fargar i stallen i tunet.
Bøndene på Bjørke rakk akkurat å slå mesteparten av graset denne veka før regnet igjen kom! Etter gamal tradisjon feirar vi med slåttegraut i tunet førstkomande søndag. På finevêrsdagar seinare i sesongen kan besøkande forvente pizza frå vedfyrt bakaromn. I kaféen i grindløda blir det servert kaffi og kaffimat uansett vêr. Bakketunet er ope for besøkande på søndagar frå 26. juni til 28. august, og andre vekedagar etter avtale.
Siste nytt
Chat med oss
x