NYHENDE

Fjorten sesongar og ny nettside!

Publisert: 31/05/2023 oppdatert: 31/05/2023

Det har gått utrulege 13 år sidan vi så smått opna Bakketunet for besøkande i 2010! I sommar tek vi fatt på vår 14. sommarsesong! 

 

Mykje vatn har rent under brua sidan vi opna dørene for besøkande i 2010. At tida har gått merkar vi både på endringane i samfunnet, men òg på korleis Bakketunet har utvikla seg. Frå å vere eit gamalt gardstun som stod til nedfall, har det blitt eit levande gardstun med bygningar i god stand, og ein arena for å drive kunst - og kulturformidling.

Vi har gått med små steg heile vegen! Skynda oss sakte som det heiter. Fokuset har skifta etter kva som har vore behovet. I starten av reisa handla det om å redde tunet. Gjere tak tette og skifte ut rotskade. Utan hjelp frå Hjørundfjord Kulturvernlag ville mykje vore annleis. Den økonomiske støtta har vi fått frå Riksantikvaren, Norsk kulturminnefond og Ørsta kommune. Gode samarbeidspartnarar som har skjøna verdien av kulturminnet Bakketunet. Denne støtta har gitt oss som private eigarar motivasjon til å gi tunet eit innhald. Parallelt med restaureringsarbeidet utvikla vi tidleg ein forretningsplan, med ungdommeleg mot. Hovudmålet har heile tida vore å drive vern gjennom bruk, men også eit ønske om å kunne drive verdiskaping på garden, slik generasjonane har gjort før oss. Om enn på upløgd mark!  

Produktet vi har no legg til rette for nettopp det! Det er utruleg at vi har kome så langt i prosessen at vi kan fokusere på å skape eit levebrød av grunnmuren som vi har brukt mange år på å bygge. 

Den nye nettsida skal gjere produkta våre meir synlege og tilgjengelege. Nettsida er under utvikling, så følg med, her kjem meir! 

Søndag 25. juni opnar vi vår 14. sommarsesong. Det gjer vi med ei seperatutstilling med Håvard Vikhagen. 

 

chat

Chat med oss

x