Håvard Vikhagen stiller ut i Bakketunet
Søndag 25. juni opnar Bakketunet på Bjørke sin 14. sommarsesong. Det gjer det freda gardstunet med hovudutstilling av Håvard Vikhagen. Temaet for sommaren er kunst, strikk og byggeskikk.
Håvard Vikhagen bur hovudsakleg i Oslo, men har røtene sine på Sunnmøre. I Hjørungavåg har Vikhagen bustad og atelier der han bur og arbeider i perioder. Vikhagen er kjent for sine maleri som balanserar mellom det abstrakte og det figurative. Gjennom lag på lag med maling og materialer, blir bileta ei reise i stofflegheit og fargevalørar. Nyleg var Vikhagen ein av deltakarane i den svært så omtalte utstillinga «Håkon Blekens utvalgte» på Galleri Solli Bruk. I Bakketunet kan publikum mellom anna sjå landskapsmaleri frå Sunnmøre og grafikk som skildrar slaget i Hjørungavåg. Ei variert utstilling som viser 8 maleri i ulike storleikar, samt håndkolorerte litografier. Alle bileta er nye.
Bakketunet er kjent for å vere det eldste og mest komplette gardstunet på Sunnmøre. Bygningane er daterte heilt tilbake til 1549 og representerer eit autentisk gardstun med tradisjonell byggeskikk frå Sunnmøre. Dei seks unike bygningane er eit studie kvar for seg.
Ser ein bakover i tid er «strikk» eit godt etablert tema i den gamle garden. Varme ullklé var livsviktig for generasjonane før oss. I 2020 blei Hjørundfjordstrikk grunnlagt med mål om å gi ut geografiske strikkedesign for Hjørundfjorden. I dag finst det både ein Hjørundfjordgenser, Sæbøgenser og mange fleire identitetsskapande design. I kammerset kan besøkande gjere seg kjent med fleire av Hjørundfjordstrikk sine produkt, og i kaféen byr vi på sommarleg mat og drikke.
Å drive kunst- og kulturformidling frå eit privat gardstun, krev både innsats og genuin interesse for tematikken. Kunstinteressa har følgt kvinnene på garden gjennom fleire generasjonar. Det er derfor med stor begeistring at vi presenterer Håvard Vikhagen som hovudutstillar for sommarsesongen 2023. Utstillinga blir opna av ordførar i Volda kommune, Sølvi Dimmen, medan sopran Karen Rosenberg Olsen står for det musikalske innslaget. Diktlesing ved Kirsten Høeg. Kunstnaren blir til stades under opninga.
Siste nytt
Chat med oss
x