NYHENDE

Kyr og fjordlandskap

Publisert: 26/04/2024 oppdatert: 26/04/2024
Det er kyr og fjordlandsskap som kjem til å pryde dei gråna tømmerveggane i Bakketunet i sommar.  

Vi er stolte over å kunne presentere Inger K. Giskeødegård som årets hovudutstillar i Bakketunet.

 

Giskeødegård har jobba som biletkunstnar på heiltid sidan 1987, og har hatt ei rekke gruppe- og separatutstilllingar. Ho har teikna frilans for aviser sidan 1985.

 

I Bakketunet i sumar kan besøkande sjå fram til store og små format med motivkrinsen kyr og fjordlandskap.

 

Tunet opnar søndag 30. juni og har ope kvar søndag kl. 12 -17 fram til 1. sept. for individuelt besøkande. Under Indiefjord har vi òg ope laurdag 13. juli.

 

Små og store grupper er velkomne til å gjere avtale om besøk.

Vi skreddarsyr gruppebesøk med både meny og innhald.   

 

Inngang kr. 100,-

Fri entre for barn under 16 år.

 

For inngang utan om opningstida det gjerast avtale.

 

Vi serverer kaffi og kaker frå kafeen, og vi har middagsservering enkelte opne dagar.  Bla. pizza frå vedfyrt bakaromn på fineveirsdagar.

chat

Chat med oss

x