Pop-up utstilling med Ingvild Fagerli
"Empowerment"
Farga, klipt opp og bundet samen igjen. Materialet lokkar, så blir det overdøyvande, eller stille, før det lokkar igjen.
Slik er det Ingvild Fagerli skildrar arbeid og prosess i den tekstile installasjonen "Empowerment".
- Eg brukar ullstoff, tekstilavfall og gummi, som eg strikkar, heklar, plisserer, nålebinder og slår nupereller av.
Ullstoffa fargar eg på førehand i ”dobbeltinnfargingsteknikk”.
Ullarbeida blir satt opp i dialog med staden, og med fotoa på tekstil.
I helga kan vi oppleve denne heilt spesielle tekstile installasjonen som tek rom i sauefjøset, og som beveger seg ut til natur og kultur.
Laurdag er Ingvild Fagerli tilstades i Bakketunet. Kl. 13 vil ho gi ein liten introduksjon til verket, som vil henge i Bakketunet fram til midten av august.
”Folden sine ulike former, som krans, rynka, som et reir, et gjerde, opphissa; folder reiser seg og faller, aktive og passive folder; brett som spruter, brett som er innsnevra; brett med trekkraft og sammenpressa folder.”
(Deleuze, 2006)
Ingvild Fagerli
Mob: 93461428
E-post: ingvildfagerli@hotmail.com
Instagram: @ingvildfagerli
Utdanna tekstilkunstnar (KhiO) og kulturpsykolog (UiO)
Jobbar i Sinsenveien 11 i Oslo
Siste nytt

Chat med oss
x