Tunet har opna!
Med overskrifta kunst, strikk og byggeskikk opna Bakketunet sin 14. sommarsesong i helga!
Når åra går og ein kjem litt ut av buskaset er det lettare å sjå dei store linjene.
Då vi så forsiktig opna i 2010 var det nettopp med ei kunstutstilling. Kunstnarane var svært lokale, og rydde- og restaureringsarbeidet var så vidt i gang. Sidan den spede starten har vi presentert nye kunstnarar kvar sommar. Nøye utplukka! Kunst er nemleg nerven mot samtida. Bakketunet skal ikkje stivne i det gamle, men òg skape ny historie.
Når Håvard Vikhagen er årets hovudutstillar, har vi god dekning med å vise kva som skjer innanfor samtidskunsten. Med 8 nye måleri og 11 grafiske arbeid, er vi godt klare det. Utstillinga er ei salsutstilling.
I 2020 blei Hjørundfjordstrikk etablert med bakgrunn i å gi Hjørundfjorden eit eige geografisk strikkedesign. Fødestaden var Bakketunet, og frå denne staden fann vi inspirasjon til designet - ein gamal vevnad. Etterkvart har vi også funne ut at det går an å drive kulturformidling gjennom eit strikkemerke, som òg har blitt ei identitetsskapande merkevare. Dessutan: utan sauen og ulla hadde det ikkje vore ein einaste hjørundfjording. Vi hadde frose ihejl for lenge sidan! Butikken med Hjørundfjordstrikk sine design er eksklusivt å finne i kammerset.
Bygningane i Bakketunet er sjølve fundamentet! Vi kom oss gjennom 20 år med restaureringsarbeid takka vere god hjelp frå Riksantikvaren og Hjørundfjord kulturvernlag. Det gamle autentiske gardstunet står stødig som aldri før, og vitnar om korleis fiskarbonden levde. Dette er vår felles historie! Og som mange av oss veit, er vern gjennom bruk den beste forma for vern. Byggeskikken fotel òg ei historie om nøysemd.
Med denne overskrifta ønsker vi stolt velkomen til vår 14. sommarsesong.
I sommar blir tunet ope for individuelt besøkande kvar søndag frå kl. 12 - 17. Utan om desse opningstidene er det veldig viktig at ein gjer ei avtale om besøk.
Sesongopning med både sang og taler. Karen Rosenberg Olsen opna med kulokk frå taket. Taler ved ordførar Sølvi Dimmen, drivar Marita Bett Aakre og kunstnar Håvard Vikhagen. Diktlesing ved Kirsten Marcella Høeg. Foto: Møre-Nytt
Siste nytt
Chat med oss
x