Vi held ope under Midtsommardagane på Bjørke
17. og 18. juni (12-17) er Bakketunet med i programmet til Midtsommardagane på Bjørke, og held ope for individuelt besøkande for første gang i år.
I helga kan dei besøkande oppleve eit autentisk gardstun, som var i drift heilt fram til 1980. Tunet har status som eit nasjonalt kulturminne, og er i privat eige. Tunet blir tatt vare på med den aller største kjærleik. Med nyslåtte marker får dei besøkande oppleve det heilt spesielle miljøet som den gamle garden representerer. I bygningane med tømmer frå 1549 er det utstilling av både gamle og nye måleri av Marita Bett Aakre.
Hjørundfjordstrikk som har fast plass i det romantiske kammerset, og kan gi inspirasjon til nye strikkeprosjekt. I helga blir historia om Gråkolla fortalt gjennom eit heilt nytt strikkedesign: Gråkolleskjerfet!
Laurdag serverer vi brennsnut, medan søndag er det sjølvsagt slåttegraut er som står på menyen.
Om du vil besøke Bjørke denne helga finn du programmet til arrangementet under FB sida Midtsommardagar på Bjørke 2023.
Søndag 25. juni opnar tunet sin 14. sommarsesong. Det gjer den gamle garden med hovudutstilling av Håvard Vikhagen.
Temaet for året er kunst, strikk og byggeskikk!
Inngangsbillett kr. 100,- Born gratis.
Siste nytt
Chat med oss
x