Bakketunet på Bjørke
Bakketunet 2022
Inst i Hjørundfjorden i kulturbygda Bjørke, ligg det freda Bakketunet med sine seks ærverdige bygningar der tømmeret i dei eldste husa er datert attende til 1549. Dette er difor det eldste heilskapelege gardstunet på Sunnmøre med, etter seiande, den eldste grindløda i landet.
Med dei historiske bygningane kan ein kjenne seg sett attende til middelalderen der stova, løda, stabburet, kufjøsen, smalefjøsen og stall hadde sine ulike funksjonar i eit fullverdig gardstun. I over 400 år har desse bygningane husa menneske og buskap i samspel for livet og komande slekter. Etter over 20 år med restaureringsarbeid opna eigarane tunet for besøkande sommaren 2010. Med eit rikt kulturprogram og ei interessant kulturhistorie, har Bakketunet på Bjørke blitt eit populært reisemål, som sidan opninga har hatt besøk av fleire tusen menneske frå fjern og nær.
Verdiar
Bakketunet på Bjørke skal ta vare på røtene sine frå bondekulturen, verne om vår felles kulturarv og vere aktuelle og nytenkande i innhald. Bakketunet sitt mål er å gi grupper og individuelt besøkande gode opplevingar knytt til kunst, kultur og natur.
I sommarhalvåret skal Bakketunet vere eit aktivt og levande kunst- og kultursentrum i Hjørundfjorden med vekt på å formidling av gamal byggeskikk, norsk kulturarv og tradisjonar, kunsthandverk og samtidskunst som held høg kvalitet.
Vi ønskjer å vere gode ambassadørar for Hjørundfjorden og Volda kommune innan reiselivssamanheng. Å bruke lokale ressursar i form av arbeidskraft og lokal mat er sjølvsagt. Menyen skal vere mest mogleg ureist, med bær og frukt frå eigen hage og råvarer frå lokale bønder. Vi ønskjer å stå fram som eit godt førebilete for andre som ønskjer å skape noko i små bygder.
Utstillingar
I tunet kan dei besøkande oppleve kunstutstillingar integrert i tunet sitt miljø. Alle bygningane i Bakketunet er restaurerte, og dei kan stå i nye 500 år, om vi berre passar på. Utstillingane speglar samtida og skaper eit levande tun som kvart år gir nye blikk på samtida og trekker trådar mot fortida.
Gardsbutikk
I sommaren har vi laga til ein liten gardsbutikk i stabburet. Der kan du finne eit utval av lokale produkt. Blant anna skinn frå Per-garden.
Hjørundfjordstrikk
I kammerset har vi eigen strikkebutikk med Hjørundfjordstrikk sine design. Vi har einaste fysiske utsalsstad for Hjørundfjordgenseren.
Servering
Også i år vil kafeen vere i grindløda for at gjestar betre kan halde avstand til kvarandre. I kaféen er det sal av tradisjonell kaffimat. I år satsar vi på sal av pizza på dagar med fint veir.
På opningsdagen 26. juni serverer vi rjømegraut.
For spørsmål eller anna:
+47 91 10 88 46