Velkomen 2021

For Bakketunet har det trass alt vore ein god sommar. Vi har fått eit meir nasjonalt publikum, og fleire gjestar på dagar der tunet er ope for individuelt besøkande. Færre grupper, men totalt kjem vi nokså likt ut. Sommarens utstilling “Nostalgia” fengja og fungerte godt. 

Som eit ledd i reiselivsutviklinga i Hjørundfjorden, har det også blitt til eit heilt nytt konsept frå denne kanten. Saman med Linda Olason Erdal El`Mourabit har eg danna Hjørundfjordstrikk AS. Der satsar vi på strikkedesign inspirert av natur og kulturarv i fjorden. Mitt utgangspunkt for ideen var å kunne tilby eit berekraftig og lokalt produkt til primært internasjonale turistar i fjorden. Slik gjekk det ikkje i 2020. Garnpakkar av signaturplagget vårt Hjørundfjordgenseren blir selt gjennom lokale kanalar og nettbutikken www.hjorundfjordstrikk.no Dette gir oss ei glimrande moglegheit til å drive god marknadsføring for fjorden som vi likar så godt. Dessutan treff vi kundar som vi elles ikkje hadde nådd.

Med ein eigen Hjørundfjordgenser likar eg å tru at vi skaper ein felles identitet for oss som bur i eller har tilknytning til fjorden. Kanskje inspirerer vi til å skape nye produkt som bygger opp om merkevara Hjørundfjorden?

Ei anna hending som har prega året i Sunnmøres eldste og mest komplette gardstun, er brannen i bustadhuset bygd i 1982. Torsdag 17. mars tok feittpanna hennar mor fyr, og etter få minutt gjekk flammene til kjøkkenvifta. Vi takkar høgare makter for at det ikkje gjekk liv og for at det ikkje var i dei gamle husa det brann! Ein ny vekkar på kor uerstattelege dei gamle bygningane er.

Då eg var på mitt mest fortvila og lurte på korleis eg skulle gjere det med nytt hus, ringde det ein mann eg kjente litt frå før. Ålesundaren Michel Tollås Nation kunne fortelle at han var stor fan av Bakketunet, og ville gjerne hjelpe meg å sette opp eit nytt bustadhus frå Lampholmen. Eg sette meg ved teiknebrettet og teikna draumehuset. Når vi no skriv 2021 har vi allereie fått tett tak og bordkledninga av malmfuru er kome på.
Byggeprosjektet kan følgast på Instagram under tittelen funkis_bakketunet. Og ja, det blir eit flott hus, med eit herlig atelier/studio! 

Med historien om fiskarbonden i ryggrada – han og ho som alltid hadde fleire føter å stå på, vil eg ønske dykk alle eit godt og lærerikt nytt år!

Velkomen 2021!
Ver god, ver produktiv!

Beste helsing
Marita Bett Aakre 

Del med dine venner

Share on facebook
Share on email